Turar med Claudia Scott

Claudia Scott er ein norsk-britisk pop- og countrysangar og låtskrivar frå Bergen. Ho har vore nominert og vunne fleire Spellemannsprisar og har samarbeida med blant andre Henning Kvitnes og Casino Steel.

Allereie som tiåring song ho i countrybandet til far sin, kalla The Skywegians. Det var likevel fyrst når ho danna trioen Claudia, Big Hand og Casino, saman med Casino Steel og Ottar «Big Hand» Johansen, at ho verkeleg slo igjennom som artist. Saman fekk dei Spellemannspris for sitt tredje album, Oh Yeah!, i 1985.

På 90-talet fekk Claudia mykje god kritikk for sine soloalbum med avansert popmusikk og personlege tekstar, Flowers & Thorns (1992), Emanuel’s Secret (1997) og Soul On Soul (1999). Etter dette flytta ho til Nashville. Der jobba ho saman med rootsmusikaren Kevin Welch og skreiv songar for andre artistar. Scott og Welch spelar saman med blant andre Henning Kvitnes i bandet Song Island Revue.

I 2014 fekk Scott Spellemannsprisen i countryklassen for Follow The Lines. Og ho vart i 2016 nominert saman med Kvitnes for Let The Ribbons Fly.