Eigar og nestleiar i styret. Pensjonert historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Rasmus har skreve doktorgrad om utvandring til USA. Jobbar mykje med ideutvikling og er hovudansvarleg for korrektur.
Yngve Sunde
Eigar, dagleg leiar og marknadsansvarleg. Yngve er litteraturvitar, med bakgrunn frå forlagsbransjen. Han har studert statsvitskap i USA og har budd lengre periodar i Frankrike og Italia.
Bente Christin Eriksen
Økonomi- og personalansvarleg, reiseutviklar og reiseleiar. Bente har lang erfaring innan reiseliv, arrangement og bemanning. Ho har mange års ledererfaring og som selvstendig næringsdrivende, og er spesialisert på Italia.
Helle Øverhaug
Ansvarleg reiseutviklar, resepsjonssjef og reiseleiar. Helle har ein bachelor i reiselivsleiing og fagbrev i journalistikk. Ho har jobba fleire år innan reiseliv, både i privat og offentleg sektor.
Inga-Britt Morken
Reiseutviklar og kontorteknisk. Inga-Britt har ein master i naturbasert reiseliv og svennebrev i kjole- og draktsaum. Ho jobba med skreddersydde reiser før ho kom til Fotefar.
Marianne Ryssdal
Reiseutviklar og reiseleiar. Marianne er utdanna kokk og sommelier. Ho har lengre erfaring med utvikling av pakkereiser og jobba med dette før ho kom til Fotefar.
Ingeborg Vindedal
Reiseutviklar. Ingeborg har ein bachelorgrad i landskapsplanlegging og arkitektur, samt ein mastergrad i naturbasert reiseliv.
Victor Aguiar
Reiseutviklar. Victor har fagbrev i hotell- og restaurantleiing. Han har lang erfaring innan reiselivsbransjen, og har dreve fleire reiselivsbedrifter.
Marthe Høyheim Lægreid
Reiseutviklar. Marthe har ein master i design og interiørarkitektur.