Turar med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

Eva er kjend journalist med bakgrunn frå Arbeider-Avisa, Arbeiderbladet og Dagbladet. Ho var tilsett i NRK Nyhetsavdelinga og arbeidde i Dagsrevyen før ho vart NRKs utanrikskorrespondent i Washington, DC.  Seinare har ho vore informasjonssjef i Posten, informasjonsdirektør i NORAD og ambassaderåd ved Norges ambassade i Delhi, India. Bratholm har dekka utanriksstoff generelt og amerikansk politikk og samfunnsliv spesielt. Ho har gitt ut to bøker om New York.

Joar har lang fartstid som forfattar og journalist. Som NRK korrespondent har han dekt Latin-Amerika i fleire periodar, i Washington, D. C. og i New Delhi, India. Som journalist har Joar opphalde seg i fleire spennande destinasjonar på oppdrag for å dekke den aktuelle politiske situasjonen, som til dømes i Sør-Afrika. Han har også skrive fleire bøker - blant andre Dead or Alive – Cowboyer i amerikansk politikk fra Davy Crocket til George W. Bush (2008).