Eva er kjend som journalist frå Arbeider-Avisa, Arbeiderbladet og Dagbladet. Joar har lang fartstid som forfattar og journalist. Saman er dei noko så sjeldan som eit korrespondentektepar.
Herborg Kråkevik er skodespelar og artist, kjend for sine kabaretar og tolking av gamle norske folkeviser. Ho har vunne både komiprisar og blei Årets spellemann i 2000.
Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han arbeider innanfor sosiolingvistikk, dialektologi og navneforsking. Akselberg har vort redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia, og har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland. I fleire år har han vore språkkonsulent og medverka i det populære programmet «Eides språksjov» på NRK1.
Terje Tysland er musikar og debuterte i 1970 med rockebandet Prudence. I 1977 starta Tysland å gjeve ut plater som soloartist. Både Prudence og Tysland som soloartist, er forbundet med omgrepet trønderrock.
Terje Tvedt er professor og historikar. Han er vel kjend som forskar og formidlar, og han har også produsert og vore programleiar for TV-program om verdas utvikling og vatn.
Erik Fosnes Hansen er ein kjend og kritikarrost norsk forfattar, fødd i 1965. Han debuterte med romanen Falketårnet i 1985, men fekk gjennombrotet sitt med boka Salme ved reisens slutt i 1990. I alt har han gitt ut fem romanar som er omsett til 36 ulike språk.
Paola Burigana Graff er kunsthistorikar og har brei erfaring i kunstformidling, også frå Louvre-museet i Paris. Ho er i dag tilsett som kunstformidlar ved Nationaltheateret i Oslo.
Giovanni og Nils Johan er olivenbønder og driv familiegarden Uliveti Castel San Martino i Italia. Her produserer dei økologiske oliven og sin privinnande olivenolje. Dei delar tida si mellom Solopaca og Vinje i Telemark, der dei bur og har lager for distribusjon i Norge.
Han er pensjonert førsteamanuensis i engelsk frå høgskulen i Sogn og fjordane. Busett i Sogndal.
AUD KARI ISANE
Tidlegare fylkesskattesjef og utdanna gestaltpsykolog. Aud Kari har spesiell interesse og kunnskap i geologi og natur på vandreturane. Busett i Balestrand.
TINE FALTIN
Har vore journalist i Aftenposten, Dagens Næringsliv og Dagbladet. Begynte som reiseleiar allereie på 70-talet, mens ho studerte språk og journalistikk. Busett i Oslo.
PER BJØRN BRANDSÆTER
Han er utdanna jordskiftekandidat, og tidlegare administrerande direktør ved studentsamskipnaden i Innlandet. Busett i Lillehammer.
ANJA ZWICKY
Har vore tidligare vore universitetslærar og lektor, og har jobba som redaktør i Aschehoug forlag i meir enn 25 år. Er utdanna autorisert Oslo-guide og er busett i Oslo.
ODD-ARNE TVEITO
Seniorrådgjevar ved NAV økonomitenester på Hermansverk. Har tidlegare vore mellomleiar innan Gresvig, Gilde og Bohus. Busett i Kaupanger.
MARIA STOREVIK
Ho kjem frå Stryn, der ho jobbar som lektor på Stryn videregåande skule. Er spesielt interessert i kultur, musikk og historie.
JANNE BRITT HAUGE
Ho er event- og reisemanager for IT-bedrifta Nova Consulting Group. Ho er opprinneleg frå Hafslo i Sogn, men er busett i Oslo.
LARS NES
Er eigar og grunnleggjar av Skald Forlag, der han no er seniorredaktør. Han er spesielt interessert i musikk og kultur. Busett i Leikanger.
ANNE HENDEN
Yrkeserfaring frå bank og Kongsberg Våpenfabrikk. Spesielt interessert i kultur og blomster, og å gje reiseglede til andre. Busett i trivselskommunen Gloppen.
LARS IVAR KOLLBOTN
Han jobbar med aureoppdrett. Busett i Hardanger.
RUNA BAKKE
Er utdanna fyisoterapeut og er kommunalsjef for helse og omsorg i Herøy kommune. Ho er busett i Volda.
RAGNHILD GIMMESTAD
Ho er frå Gloppen og har flytta heim att etter over 30 år i Bergen. Ho har alltid likt å reise og er svært interessert i kunst og kultur.
ANNE RANDI FARNES
Har vore reiselivssjef i Balestrand og prosjektleiar i Visit Sognefjord. No driv ho Dragsvik Fjordhotell i Balestrand med familien sin. Ho er også busett i Dragsvik.
KJERSTI NILSEN HAUGEN
Har jobba som politi i 35 år, dei siste 12 åra som lærar ved Politihøgskulen. Bosatt både i Skien og på vingard i Piemonte, Italia.
ELIN LEIKANGER
Har hatt kommunale leiarjobbar i over 30 år, og har mellom anna arbeidd med organisasjons- og samfunnsutvikling. Ho er busett i Stad.
BJØRNAR AUSTVIK
Han har bakgrunn som gitarist og musikklærar. Jobbar som mellomleiar i vidaregåande skule no, og har gjort det sidan 2011. Han er busett i Stjørdal.
EINAR MÅLSNES
Har vore engasjert i reiseliv i heile sitt vaksne liv. Har tidlegare vore lensmann og ordførar i Balestrand, samt kontorsjef i Skatteetaten. Bur i Balestrand.