
19. - 24. august 2025.
Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom – Budapest.
Donau er den store pulsåra i den sentraleuropeiske historia og kulturen heilt frå oldtida til i dag. På turen tek historikar Terje Tvedt oss med på ei reise i historia frå Romartida til det osmanske riket og fram til den industrielle revolusjonen då vassvegane vart så sentrale. Dette blir eit innhaldsrikt kultur- og historiecruise på vakre Donau, der Terje Tvedt held foredrag om Donau som akse i Sentral-Europas utvikling med verdshistoria som bakteppe.
Tvedt er velkjend som forskar og formidlar, og bøkene hans om verdshistoria, vassvegane og Nilen har vorte bestseljarar i Norge og i utlandet, og er omsett til fleire titals språk! Han har også produsert og vore programleiar for fleire TV-dokumentarar om verdshistoria og vassvegane som er blitt viste over heile kloden.
Cruiset tek oss med til seks byar og tre land – Tyskland, Austerrike og Ungarn. Vi startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest.
På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS Mogigliani, ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med lærerike forelesingar frå ein av våre mest spennande historikarar. I 2023 kom boka hans Historiens hjul og vannets makt. Da England og Europa vant, og Kina og Asia tapte. Vi gler oss til å høyre meir om denne delen av historia på turen.