Skip to main content

Kulturreise til vakre tyske byar med Gunnstein Akselberg

18. - 24. mars 2025

Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for fleire av dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie.

Under denne flotte turen bur vi godt og sentralt i musikkbyen Leipzig, der det er relativt korte avstandar med buss til besøk i dei spennande byane Weimar, Dresden, Halle, Mansfeld, Eisenach, Torgau og Wittenberg. Under bussturane og på dei aktuelle attraksjonane vil Gunnstein guide og fortelje. I tillegg vil han halde kåseri på hotellet.

På reisa opplever vi viktige stader i Martin Luthers aktive reformasjonsliv. Vi får høyre om korleis arven etter Luther har påverka Europa kulturelt og politisk fram til i dag. Johan Sebastian Bach var fødd og oppheldt seg det meste av livet sitt i området vårt. I Leipzig, Eisenach og Weimar besøker vi viktige stader knytte til Bachs liv og verksemd. Georg Friedrich Händel trødde barne- og ungdomsskoa sine i Halle, der han var fødd og der han fekk musikalske impulsar som prega han resten av livet. Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller, to av dei store kanonane i europeisk litteratur, hadde begge lengre opphald i Weimar der dei spela ei viktig rolle i byens kulturliv.

Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar på turen, og på bussturane vil han snakke litt om tysk historie. Vi satsar elles på å få med oss minst ein klassisk konsertar av høg kvalitet. 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 18. mars - Frå Bergen og Oslo til Leipzig

    Avreise frå Oslo og Bergen om morgonen. På veg sørover frå flyplassen Berlin Brandenburg fortel Akselberg om Wittenberg, der vi skal ha den første stoppen på turen. Denne byen er rekna som sjølve «reformasjonshovudstaden» då han var eitt av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther etter tradisjonen slo opp dei 95 tesane sine på døra til Slottskyrkja.
    Vel framme i Wittenberg blir det stopp for ein ekte tysk lunsj. Deretter går vi til Slottskyrkja, der vi får sjå døra der Luther skal ha spikra opp tesane. Elles kikkar vi på slottet, bykyrkja og på Lutherhaus, heimen til Martin Luther og familien hans. Lutherhaus blir rekna som verdas første prestegard. Vi får også med oss universitetet der Luther underviste. Gunnstein fortel om dei ulike attraksjonane. På veg sørover køyrer vi gjennom eit vakkert landskap med jordbruksareal.

    Når vi kjem fram til storbyen Leipzig, tek vi inn på eit godt hotell som ligg midt i sentrum like ved Hauptbahnhof. Her skal vi bu under heile turen. Alle reisemåla våre ligg omkring Leipzig i ein avstand frå ein halv til knapt eitt par timar med buss, som gjer at det høver godt å reise ut om morgonen og attende om ettermiddagen/kvelden.

    Felles velkomstmiddag på hotellet om kvelden.
    (L, M)

  • Dag 2: Onsdag 19. mars - Leipzig

    Etter ein god frukost møtest vi i konferansesalen på hotellet der reiseleiaren gir informasjon om turopplegget før vi får kåseri av Gunnstein Akselberg. Her vil han gi eit oversyn over korleis tysk kultur har påverka vår eiga kulturhistorie.

    Leipzig har i mange hundreår vore eit kultursentrum, og Johan Sebastian Bach arbeidde her store delar av livet sitt. På vandreturen vår denne dagen får vi den første stoppen i Nikolaikyrkja som vart grunnlagd i 1165. Denne kyrkja er spesielt kjend for at mange av verka til Bach vart uroppførde nettopp her. I nyare tid er kyrkja kjend for dei såkalla måndagsbønnene som starta opp i 1983, og som så gjekk vidare til måndagsdemonstrasjonane i 1989 mot kommunistregimet i DDR og nådde toppen i oktober med 70 000 fredelege demonstrantar.

    På gåturen vil Gunnstein fortelje om det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vi besøker også Thomaskyrkja, der Johann Sebastian Bach var kantor frå 1723 til han døydde i 1750. Han var også musikalsk leiar og dirigent for det verdskjende Thomanerkoret som har eksistert sidan 1212. I Thomaskyrkja får vi ein liten Bach-konsert. Vi svingar også innom Auerbachs Keller, som er kjend frå Goethe sin tragedie «Faust», der Mephistophles, djevelens utsending, tek Faust med på reisene sine. Så kikkar vi på det verdskjende konsertbygget Gewandthaus og det flotte operahuset.

    Rundturen vert avslutta med eit kort besøk i Hauptbahnhof, som ligg like ved hotellet vårt. Her er det eit myldrande liv med butikkar, kafear og restaurantar og ein grei stad å ta middag på eiga hand.

     

    Leipzig har eit svært rikt musikkliv og har historisk sett vore knytt til Bach, men også til Mendelsohn, Wagner og Schumann. Om kvelden foreslår vi konsert i Gewandthaus eller tilsvarande konsertstad. Fotefar vil i januar 2025 sende ut informasjon om musikktilboda medan gruppa vår er i byen.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 20. mars - Leipzig og Torgau

    Etter ein god frukost startar vi dagen med Gunnstein Akselberg der vi vitjar noteforlaget Peters. Her blir det ei spesiell orientering berre til gruppa vår om Edvard Grieg og tilhøvet hans til Peters, og vi får sjå rommet der pianostykka hans vart «prøvespelte» i samband med trykkingsprosessen.

    Vi går også innom «Museum für Druckkunst» i Nonnenstrasse 38, der ein framleis kan sjå korleis tidlegare satsar vart produserte og sette. Etterpå tek bussen vår oss til utkanten av Leipzig for å sjå på det gigantiske minnesmerket Völkerschlachtdenkmal til minne om folkeslaget i Leipzig i 1813 der Napoleon tapte for dei allierte styrkane frå Russland, Preussen, Austerrike og Sverige. Dette slaget var til då det største i historia.

    Bussen køyrer oss så til den vesle og viktige byen Torgau, som ligg naturskjønt til ved Elben, som her flyt stille og sakte forbi i det flate landskapet. Her blir det lunsj.  Hovudattraksjonen i byen er Schloss Hartenfells, som er eit av dei vakraste renessanseslotta i Tyskland og var eit politisk sentrum under reformasjonen. Det var også eitt av dei mange slotta til den mektige kurfyrsten Friedrich der Weise. Han var ein viktig vernar og alliert av Luther. Dei to, Friedrich og Martin, møttest forresten aldri, men hadde mellommenn. Dette var eit genialt trekk av Friedrich, for utan medverknaden hans ville vel neppe Luther lukkast. Slottet har elles eit fantastisk flott vindeltrappehus, Wendelstein, som vi skal sjå nærmare på. Vi besøker også grava til Katharina von Bora, kona til Martin Luther. Det blir også litt fritid i den vesle byen før bussen køyrer oss tilbake til Leipzig der ein har kvelden fri. Kanskje fleire vil få med seg ein konsert?
    (F, L)

  • Dag 4: Fredag 21. mars - Eisenach og Weimar

    Etter ein god frukost på hotellet køyrer bussen oss til Eisenach, fødebyen til Johann Sebastian Bach og hovudstaden i delstaten Thüringen. Her besøker vi Bachhaus, som er eit flott musikkhistorisk museum, og der får vi ein konsert spela på dei gamle instrumenta. Huset der Bach var fødd, er borte for lengst, men i Bachhaus tek dei vare på Bach-historia i Eisenach. Lunsj på eiga hand i den idylliske byen.

    Fleire vil gjerne kikke på det flotte Lutherhaus der Martin Luther budde frå 1498 til 1501 då han gjekk på skule i Eisenach. Vi avsluttar opphaldet i Eisenach med å ta turen opp til borga Wartburg. Her sat Luther «fanga» etter riksdagen i Worms i april 1521, av di han vart lyst fredlaus av keisaren og måtte gøymast vekk. Tida på Wartburg nytta han til å omsette Det nye testamentet frå gresk til tysk.

    Dinest køyrer bussen oss til den viktige historiske byen Weimar, byen som har fått namnet sitt knytt til Weimar-republikken, det tyske forsøket på å skape eit parlamentarisk demokrati i perioden 1918 til 1933. Forsøket vart torpedert av Hitler som i 1933 vart vald som rikskanslar og tok diktatorisk makt. I Weimar budde både Johann Wolfgang Goethe og Friedrich Schiller, og vi besøker Goethehaus, Schillerhaus, Nasjonalteateret og Haus der Weimarer Republikk.

    I 1999 var Weimar kulturhovudstad i Europa i samband med feiringa av 250-årsdagen for Goethes fødsel. Vi gir oss god tid i den vakre byen før vi returnerer til Leipzig. Om kvelden kan ein gjerne gå ut for å ete middag saman med reiseleiarane.
    (F)

  • Dag 5: Laurdag 22. mars - Tur til Dresden

    Denne dagen går turen til Dresden, hovudstaden i delstaten Sachsen. Byen var berømt for å vere ein av ei vakraste i Nord-Europa. Elbflorenz vart han kalla. Kunstnarar og intellektuelle søkte til byen, og blant mange andre oppheldt vår eigen målar J.C. Dahl seg her om vintrane.

    Mot slutten av krigen var Dresden den einaste av dei større byane i Tyskland som ikkje hadde vorte utsett for allierte bombinga. Mange søkte difor til byen då ein meinte at dei allierte ikkje ville bombe byen på grunn av alle kulturskattane. I tidsrommet 13.- 15. februar 1945 vart byen likevel bomba slik at store delar av sentrum vart øydelagd og mellom 20 000 og 25 000 menneske vart drepne av 400 000 brannbomber som jamna Dresden med jorda.

    I Dresden skal vi vitje «Gemäldegallerie Alte Meister» med berømte bilete av Vermeer, Cranach, Rembrandt, Rubens, Raphael, Titian, Canaletto, Holbein, osb. Vi kikkar elles på barokkanlegget Zwinger og den gjenoppbygde Frauenkirche, som vart fullstendig øydelagde under bombinga i februar i 1945.

    Vi gir oss god tid i byen, vandrar rundt på berømte Bruhlsche Terrasse, ei renessanseterrasse med flott elveutsikt. 

    Deretter avlegg vi eit besøk på kunstakademiet som vart grunnlagt i 1764. Dette velkjende akademiet har gjennom åra spelt ei viktig rolle i europeisk kunst. Vår eigen J.C Dahl har fått utdaninga si her, og vi kan studere somme av verka hans i utstillinga. Det blir også lunsj på eiga hand i Dresden.(F)

  • Dag 6: Søndag 23. mars - Mansfeld og Halle

    Denne dagen blir det buss frå hotellet til den vesle byen Mansfeld , der Luther voks opp. Her og i området rundt var det store felt av koparskifer, der far til Luther, Hans Luther, slo seg opp. Dei svære slagghaugane rundt byen vitnar om gruvedrifta her. På turen til Lutherstadt Mansfeld fortel Akselberg om området, og om kva vi kan forventa av besøket. Han vil også ta med kor mykje norsk gruvedrift, som på Røros, henta fagfolk nettopp frå Tyskland.

    I Mansfeld kan vi vandre litt rundt i byen, kikke på kyrkja, og dei som ønsker det, kan få med seg Luthers Elternhaus eller foreldrehuset, der Martin Luther voks opp. I tillegg kan ein velje å  besøke Luther Museum som på ein illustrerande måte fortel historia om Luthers liv.

    Turen denne dagen går vidare til byen Halle der det først blir lunsj på eiga hand i den vakre byen. Deretter studerer vi Händel-Haus, das Geburtshaus Georg Friedrich Händels, som i dag er eit flott musikkmuseum, og som samstundes er ei arkitektonisk perle av eit hus. Vi gir oss god tid her!

    På køyrerturen denne dagen vil Gunnstein også fortelje om slottet Moritsburg. Det var favorittresidensen til kardinalen og kurfyrsten Albrecht von Brandenburg. Kardinal Albrecht hadde nære kontaktar med pave Leo X, og det var nettopp Albrecht som engasjerte Johann Tetzel som seljar av avlatsbrev, noko som provoserte Luther til å formulere dei berømte 97 tesane i 1517.

    Bussen køyrer oss så tilbake til Leipzig der det blir felles avslutningsmiddag om kvelden.  
    (F, M)

  • Dag 7: Måndag 24. mars - Avslutning og heimreise

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet og får ein ca. 2 ½ times busstur til flyplassen Berlin Brandenburg. Under turen vil Gunnstein Akselberg summere opp det det vi har sett og opplevd på denne kulturreisa, og Rasmus Sunde vil trekke trådane når det gjeld linjer i tysk historie.

    Fly til Oslo og Bergen der vi er framme utpå ettermiddagen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
18/3BGOTyskland621 950,-BestillMer informasjon
18/3OSLTysklandMeir enn 821 950,-BestillMer informasjon
18/3Tyskland
Utan flyreise
518 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo