Skip to main content

Kunstreise til Roma med Paola Burigana Graff

7. - 11. november 2024.

Fotefar har gleda av å invitere til spennande dagar i vakre Roma, byen som vert kalla «Den evige stad». Det blir forelesingar med den dugande italienske kunsthistorikaren Paola Burigana Graff som har mastergrad i kunsthistorie og i museumsstudiar, i tillegg til brei erfaring i kunstformidling. Mange kjenner ho både frå Universitetet i Oslo, Det italienske kulturinstituttet eller frå Nasjonalmuseet.

Vi får også med oss ein lokal skandinavisktalande guide på sentrale attraksjonar som Vatikanet og Peterskyrkja, i tillegg å vitje byen Tivoli med Hadrians Villa og Villa d’Este. 

Roma er som eit 2800 år gammalt museum, og dette er byens unike sjarm. Byen har sida 1600-talet vore ein obligatorisk stoppestad i danningsreisa «Grand Tour». Både innan- og utandørs finn vi oldtidsmonument, kunstskattar og tidlaus arkitektur. Med religiøst hjarte og historisk sjel, forfører og inspirerer byen stadig folk på besøk. Michelangelo, Rafael, Caravaggio, Bernini og mange andre kunstnarar frå ulike delar av Italia og Europa har blomstra i Roma. Dei har dekorert byen med meisterverk i målarkunst, skulptur og arkitektur.

Bli med oss på innhaldsrike dagar i Roma, der det også vil bli tid til å senke tempoet, vandre i gatene, ta ein espresso, ein gelato eller eit glas vin og berre sjå på folkelivet og nyte atmosfæren i denne vakre byen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 7. november - Roma «Caput Mundi» , byen er eit 2800 år gammalt museum!

     

    Avreise frå Oslo tidleg morgon med fly til Roma. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.

    På bussturen frå flyplassen i Roma og inn til byen fortel Paola litt om Italia og italienarane. Ho vil også formidle litt om det vi skal oppleve desse dagane og gir oss nokre gode råd for opphaldet. Vel framme på hotellet set vi koffertane på bagasjerom og ruslar ein tur inn i Trastevere for lunsj.

    Etter lunsj møter vi guiden vår for ei vandring i byen. Vi går frå Trastevere via Ponte Palatino til Avertinerhøgda. På vegen passerer vi attraksjonar som marmorplata Bocca della Verità ved kyrkja Santa Maria in Cosmedin, parken Circo Massimo og Priorato dei Cavalieri di Malta (Maltesarordenens plass). Frå høgda vil vi få eit av dei flottaste utsyn over Roma. Vidare vandrar vi saman med guiden i retning Palatinerhøgda og tilbake til hotellet. Saman med Paola og den lokale guiden vår får vi sjå mangfaldet av stilartar som er representerte i Roma. Dette vil bli starten på varianten vår av «dannelsesreisa» slik kunstnarane (og andre) gjorde mellom 1600- og 1800-tallet.

    Tilbake på hotellet sjekkar vi inn og nyttar resten av ettermiddag og kvelden slik vi sjølve ønsker. Hotellet ligg sentralt ved Ponte Sisto med gangavstand til det som er verdt å sjå i sentrum. Dei som har lyst til å bli med reiseleiar ut på byen for å ta eit glas eller ete litt mat på kvelden, er velkomne til det.
    (L)

  • Dag 2: Fredag 8. november - Renessansens Roma, pavanes by og heilage stad.

    Vi startar dagen med ein god frukost. Deretter skal vi ha ei forelesing på hotellet med Paola Burigana Graff. Tema denne dagen er renessansebyen Roma. I dette foredraget vil Paola med stø kurs leie oss langs fotspora til Michelangelos og Raffaellos.

    Etter foredraget går vi samla frå hotellet til Vatikanet og den verdsberømte Peterskyrkja. På vegen møter vi guiden vår, som skal fortelje oss historia til Vatikanstaten, katedralen og kunstverka vi finn der. Petersplassen er og har vore ein viktig stad for mange opp gjennom tida.

    Vi skal først til Vatikanemuseet som husar ei av dei viktigaste kunstsamlingane i verda. Høgdepunktet her er mange, vi får sjå berømte klassiske skulpturar og dei viktigaste meisterverka innan renessansen; Det Sixtinske kapell med dei fantastiske freskoane til Michelangelo og andre kjende kunstnarar, som Botticelli og Perugino. Og vi skal sjå det unike og kjente Stanze dela Segnatura også kalla «Rafaels rom».  

    Felles lunsj undervegs denne dagen. Middag om kvelden på eiga hand. Reiseleiaren gir råd om gode restaurantar.
    (F, L)

  • Dag 3: Laurdag 9. november - Fridag i Roma eller TIVOLI med Hadrians Villa og Villa d‘Este

    Etter ein god frukost kan dei som ønsker det, bruke dagen som dei vil i Roma eller ein kan bli med Paola og ein dyktig skandinavisktalande guide til byen Tivoli. For dei som ikkje vil vere med til byen Tivoli, kan ein nytte dagen i Roma som vi sjølv vil. Byen er som eit levande museum, så her er det mykje å velje mellom. Reiseleiar kjem gjerne med forslag. Hugs: «When in Rome, do as the romans..». 

    For dei som skal til Tivoli, tek vi bussen frå brua Ponte Sisto. Undervegs denne dagen vil Paola trekke dei kunstnariske linjene for oss, heilt attende til romartida og antikken. I Tivoli skal vi først besøke Hadrians villa, det store palassanlegget som keisar Hadrian grunnla ved byen Tivoli (Tibur) i åra 118–138 f.Kr. Eigendommen var i bruk som keisarresidens fram til 200-talet då den byrja å bli i dårleg forfatning. No er den restaurert. Hadrians villa har sidan 1999 vore oppført på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

    Vi et lunsj på ein triveleg restaurant i byen før vi vandrar vidare til Villa d’Este, eit byggverk med ein berømt hage, grunnlagd av arkitekten Pirro Ligorio i 1549 for kardinal Ippolito d’Este. Hagen er eit kunstverk med dei mest karakteristiske og praktfulle eksempel på hagekunst i høgrenessansen i Italia. Mest kjend er nok Den poetiske hundre fonteners veg. I 2001 vart også Villa d‘Este innlemma i  UNESCO si verdsarv-liste. Pris for turen til Tivoli inkl. lunsj kr. 1 895,-

    Om ettermiddagen køyrer vi attende til Roma. Middag på eiga hand. Reiseleiaren gir råd om gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 4: Søndag 10. november - Barokkens perler

    Etter frukost får vi ei ny forelesing av Paola og dagens tema er Roma, barokken sin hovudstad. Her vil ho ta føre seg store kunstnarar som til dømes Caravaggio og Bernini.

    Etter forelesinga ruslar vi ei runde for å sjå verdskjende attraksjonar som Trevi fontena, Spansketrappa, San Luigi dei Francesi og Piazza Navona. Vi avsluttar vandringa med ein hyggeleg lunsj på restauranten Orso’80. Dette blir det siste felles måltidet vårt på turen.

    Etter lunsj står alle fritt til å bruke ettermiddagen slik dei sjølve vil.

    Dei som endå ikkje har fått nok av all den vakre kunsten i Roma, kan bli med Paola vidare opp til Galleria Borghese (mogleg val mot tillegg i pris). Dette galleriet husar ei stor samling verk av blant andre Rafaello, Bernini, Carracci og Caravaggio og har i tillegg eit stort hageanlegg. Pris for utflukta til Galleria Borghese kr. 295,-

    Seint på ettermiddag (tidleg kveld) returnerer vi til hotellet. Middag om kvelden på eiga hand. Dei som har lyst til å bli med reiseleiar ut på byen for å ta eit glas eller litt mat på kvelden, er velkomne til det.
    (F, L)

  • Dag 5: Måndag 11. november - Heimreise

    Etter frukost og utsjekking tek bussen oss til flyplassen. Fly attende til Oslo.
    (F)

  • Praktisk informasjon om turen


    • Billettar til attraksjonar i Roma du ønsker vitje på eiga hand; Vi rår alle til å undersøke behovet for å tinge billettar på førehand. Dette kan vere lurt å gjere med ein gong ein bestemmer seg for å reise på denne turen. Ta kontakt med Fotefar om du har spørsmål til dette.


Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/11OsloRomaMeir enn 820 950,-BestillMer informasjon
7/11Roma (hotellet)Roma
Utan fly
216 996,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo