Skip to main content

Turar med Terje Tysland

Tysland debuterte i 1970 med rockebandet Prudence fram til bandet vart opplaust i 1975. I 1977 starta Tysland å gjeve ut plater som soloartist. Både Prudence og Tysland som soloartist, er forbundet med omgrepet trønderrock.

Tekstene hans er godt pakket inn i øl og bannskap, som han sjølv har sagt det i intervju, men det ligg alltid noko djupare i tekstane til Tysland. Han har dei ravende rebelske, ville og alkoholiserte låtene «Ka e du så gla fer», «Send mæ en øl», «Jubel og stas», «Hurra for mæ» og «Villt kjør og stor stas», men også dei meiningsfulle, djupe og reflekterte «Æ såg jo en ainn' vei», «Kjærlighetsvise», «Rosa» og «Heile livet». Tysland er inspirert av amerikansk country og cajun. Han opplevde cajunmusikken som ung sjømann i Baton Rouge i Louisiana.

Adresseavisa sin journalist Ole Jacob Hoel skreiv i 2018 at trekkspelet til Terje var symbolet på Prudence og på trønderrocken og at det var det tydlege bindeleddet mellom fest på lokalet og amerikansk rock.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo